tekst og bilder av Marianne Byrkjeland
Nordhordaland gjetarhundlag arrangerte helga 24.-25. september landsprøve påvillsau iRomarheim, ein stad mellom fjord og ville fjell langt vest i Hordaland. Med veker der nedbør nærmast har teke tabben på vestlandsbonden, synte veret seg og frå ei blid side denne helga med berre litt tergebyger fyrst på laurdag. Her var deltakarar frå mange fylker, og dommar Lisbeth Iller vart henta heilt frå Sverige.
Prøven gjekk som vanleg kl. 3 med deling før kve.
Banen var flat med utsending på ca 300m. Avslutningen av inndrivinga gjekk rundt ei grind ca. 20m frå der førar stod. Drivinga var mellom 250 og 300m. Deleringen låg ca. 40m frå der førar stod, så her måtte mange springa for å nå inn i ringen før sauene var på full fart ut igjen. Her var 5 umerka sau der 2 valfrie skulle delast frå. Kvea var plassert ganske tett opp til oppsamlingsplassen. Så her måtte ein planleggja GODT for å unngå at sauene stakk!!!
Villsau av utegangartypen er ein veldig spesiell sau som utfordrar både hund og ikkje minst førar mange gonger. Dei er utruleg lure og prøver å stikka av heile tida, så det var mange, for å sei dei fleste som fekk seg mange overraskelsar. Hunden må ha stor avstand og trykk for å bevega dei i rett retning. Vart dei skræmde i avslutta utgang, løysing vart det full fart og vanskeleg å få dei inn på lina, så det var mykje sik-sak på inndrivinga. Drivinga kunne det sjå fint ut , men plutseleg gjorde hunden ein liten brå bevegelse med resultat at sauen kasta seg i feil retning og resultat i portbom. Laurdagen hadde mange problem på port 3. Det virka som det var dårlege lydforhold pluss at sauen ville ikkje så langt som til porten. Sundag gjekk det av ein eller annan grunn betre der. Sundag fekk mange problem på port 2, sauene ville ikkje i den retningen. Det skuldast nok at sauen hadde gått opp att og dei visste kor samlekvea stod. Delinga fekk dei aller fleste til på ein eller annan måte. Nokon på heimelaga vis, og andre på profesjonell vis, men her har dei fleste mykje å læra. Kvea var nok største utfordringa. Her måtte sauene behandlast som ”egg”. Du hadde ein sjanse og fekk sauene stikka av ein gong var det gjort. Det var vanskeleg å få ro på flokken att. Her måtte hunden vera veldig roleg, lydig og akkurat på balansepunktet, og førar måtte vera roleg, skulle du lukkast. Sauene var ikkje i kvea før grinda var skikkeleg att. Fleire opplevde at sau stakk ut når førar nesten hadde fått att grinda. Grunnen var oftast at hunden hadde flytta seg på feil plass når førar var på vei å lata att grinda. Så det var små marginar.
Laurdag gjekk 53 hundar til start for å delta på landsprøven, 18 hundar frå Hordaland konkurrerte også om NM uttak. 4 deltakarar kom over 90 poeng, den beste vart Sander Hindenes med Tweed på 96p, på andre plass Torbjørn Jaran Knive med Lyn på 93p, og på tredje og fjerde plass Jon Sand med Moss og Glen begge på 90p, femte plass Sander med Wisp 88p og sjette plass Jo Agnar Hansen med Tika 86p. Gratulera så mykje til Sander!
NM uttaket for Hordaland vann Sander med Tweed 96p, nr. to Sander med Wisp 88p, nr.tre Liv Oddny med Sweep 80p og på fjerde Sander med Meg på 80p. Her var fleire som fekk poeng. Hordaland får 9 deltakarar til NM i år
Sundag starta 52 hundar. Den dagen var det landsprøve konkurranse, NM uttak forHordaland og Gilde Vest Cup for Rogaland og Hordaland. Det vart 9 hundar som kom over 90poeng, og Anne Kari Veikleenget frå Vinstra med Crazy Lill gjekk til toppsmed 96p, ein svært god øvelse, og veldig kjekt at ei dame kunne koma til topps i denne mannsdominerte sporten som det er her til lands. Gratulera så mykje til Crazy Lill! Nummer to vart Torbjørn med Lyn 94p, nr. tre Jon med Glen 94p, nr. fire Liv Oddny med Sal på 93p, nr. fem Jo Agnar med Tika 92, og på sjette plass kom Torkjell Solbakken med Pia på 92p.
NM uttakak for Hordaland såg noko annleis ut sundagen. Liv Oddny vann med Sal 93p, andre plass kom Kåre med Ingo på 92 p, tredje Stein med Mayra på 90p, også fjerdeplass tok Stein med MA på 86p, femte gjekk til Marianne med Elbrus på 84p og sjette Sander med Tweed 77p. Kven som får vera med til NM, vert avgjort 2.oktober etter fylkesmesterskapet i Etne.
Gilde Vest Cupen kom 18 hundar frå Hordaland og 8 frå Rogaland. Liv Oddny og Sal vann med 93p, nr. 2 Kåre med Ingo 92p, nr, 3 Stein og Mayra 90p, nr. 4 Ketil Vasstveit med Kaia 89p, nr. 5 Stein og MA 86p og nr. 6 Liv Oddny ned Sweep 86p. Fullstendig resultatliste vert lagt ut under Norgesserien.
Takk til alle deltakarar som stilte opp og gjorde sitt beste, utan dei hadde det ikkje vorte noko konkurranse. Håpar alle reiser heim og trenar vidare til neste mål! Takk til alle dei som var med og lagde eit vellukka arrangement, banemannskap, utsetjarar, Romarheim Ungdomslag som tok seg av matsalet, grunneigar Arne Skår som heldt slåttemarka si til disposisjon, og ikkje minst dommaren som heldt ut i to heile dagar.
Read More